Målgruppe

Jentespranget sin målgruppe er vidt definert som:

Jenter mellom 13 – 18 år med omfattande og samansette vanskar, som har eit udekka behov for omsorg.

Vi tek og imot jenter mellom 18 – 23 år.

 

Jentespranget AS har bevisst valt å ha ein rein jenteinstitusjon. Vi meiner at jenter har mange og samansette problem som vanskeleg lar seg løyse i ein institusjon kor det og bur gutar.

 

Vi har fokus på jenter og deira problemområdar og ynskjer å vere ein institusjon med høg kompetanse på dette området.

Jentespranget AS tek i mot jenter som er tildelt plass hos oss med heimel i Lov om barneverntenester

  • §4-4,4 ledd
    § 4-12
    § 4-24
    § 4-26

Jentespranget AS er eit tiltak som primært retter seg mot langtidsplassering. Med langtidsplassering meiner vi plassering med 6 månaders varigheit eller meir.

 

Ved særskilte høve kan vi og ta imot jenter som etter midlertidig vedtak i akutte situasjonar tildelt plass hos oss, jfr. Lov om barneverntenester §4-6, annet ledd og §4-25, jfr. §4-24

 

Utskriftsvennlig versjon finn du her

Nettside fra arego