Fasemodell og bemanning

Jentespranget AS sitt bustad- og omsorgstilbod der delt opp i fasar (fase 1,2 og 3).

I tillegg har vi spesielle tiltak tilpassa enkelte jenter.

 

Alle våre jenter startar sitt opphald i jentespranget sitt hovedhus. Der finn ein og Jentespranget AS sin administrasjon og koordinator for fase 2 og 3.

 

Fase 1

Opphaldet på Jentespranget AS i fase 1 er ment å vere eit langtidsopphald som skal vare minimum 6 månader.

 

For fase 1 har vi sett 6 generelle utviklingsmål for jentene:

 

  1. I løpet av fase 1 skal vi bli godt kjente med jenta. Vi skal vite kven ho er, og ho skal vite kven vi er, kva vi står for og kva ho kan vente seg av oss.
  2. I løpet av fase 1 skal vi fagleg ha utreda jenta sin situasjon grundig. Vi skal kjenne hennar problematikk og hennar ressursar, samt gi eit adekvat bilde av jenta sine vidare framtidsutsiktar. Denne kunnskapen skal komme fram i Halvtårsrapportar til barneverntenesta og Bufetat.
  3. I løpet av fase 1 skal vi ha hjelpt jenta med hennar mest akutte problem. Jenta sin livssituasjon skal vere stabilisert og vere til dels forutsigbar.
  4. I løpet av fase 1 skal jenta si sosiale åtferd og hennar evne til å klare seg sjølv vere styrka.
  5. I løpet av fase 1 skal jenta vere i tilfredsstillande aktivitet. Dette betyr at ho skal fylgje ei strukturert, planlagt veke i tråd med handlingsplanen sine mål.
  6. Etter fase 1 skal jenta vere komme så langt i si utvikling at det kan vurderast om ho kan flytte vidare i fase 2.

 

Overgang til fase 2

Nokre av jentene avsluttar opphaldet på Jentespranget etter fase 1, mens andre går vidare til ein ny bu- og omsorgssituasjon i fase 2. Siste del av fase 1 vert då ei førebuing til ein meir sjølvstendig kvardag i fase 2. Tidspunktet for å sette i verk fase 2 vil basere seg på individuell vurdering av den enkelte jenta og vert gjort i samarbeid med jenta sjølv, med barneverntenesta og Bufetat. Når den enkelte er moden for auka grad av sjølvstende og fridom under ansvar, er heilt individuelt, og må vurderast fortløpande. Jenta må fylle dei måla som er lista opp under fase 1 og må ha fast dagtilbod. Når vi meiner at jenta er klar for fase 2, startar ein overgangsfase der ein førebur flytting til bustad utanfor institusjonen.

 

Fase 2

Fase 2 er eit fleksibelt, skreddersydd bu- og omsorgstilbod, basert på vår kjennskap til jenta etter fase 1. For at jenta skal flytte inn i fase 2, må ho ha eit fast dagtilbod, enten skule eller arbeid. Vi må avvege kor mykje tilsyn og omsorg jenta treng i tillegg til miljøterapeutane i ambulerande team og vaksenkontaktane, og søke etter ein bustad der vi kan knytte til oss husverten i ei delstilling.

 

Fase 3

Dersom fase 2 har fungert tilfredsstillande i ein lengre periode, vil vi vurdere om vi skal flytte jenta vidare i fase 3. Fase 3 fortset utviklinga frå fase 2, med enda lågare omsorgsnivå og høgare krav til sjølvstende. Fase 3 er og ein skreddersydd bu- og omsorgssituasjon, med jenta sine individuelle behov og ressursar som utgangspunkt for utforminga. Fase 3 byggjer på ei vellykka gjennomføring av fase1 og fase 2.

Målet i fase 3 er å gradvis bygge ned omsorgsapparatet rundt jenta, mot eit minimum, etter kvart som ho utviklar større grad av sjølvstende. Dette er ein prosess som må gjerast langsamt og i tråd med jenta si utvikling. Eit anna viktig mål i fase 3 er å lære jenta økonomistyring; at ho greier å disponere pengane sine, betale rekningar og ha økonomisk kontroll. Dei får pengar til mat og liknande inn på konto og skal handle sjølv.

 

I fase 2 og 3 vert tiltaket tilpassa den enkelte jente og hennar utvikling. Vi har mykje ressursar i startfasen og trekk oss gradvis ut slik at jenta gradvis lærer å stå på eigne bein. Den sosiale kontakten vert heile tida oppretthalde ved at jentene vert invitert på arrangement på huset, blir tatt med på turar o.l. og ved at ein går på besøk. Ved behov, styrker vi læring og omsorg undervegs.

 

Tiltaka

Vi har jenter som ikkje får nok hjelp i fase 1 og som treng sterkare oppfølging. Då lager vi tilpassa opplegg i samarbeid med barneverntenesta og Bufetat. Desse vert bemanna i forhold til behov. Dette vert evaluert fortløpande.

 

Utskriftsvennlig versjon finn du her

Nettside fra arego