Om oss

Jentespranget AS har frå 01.09.2016 fått nye eigarar; Aberia Healthcare A/S.

Vi ynskjer med dette å styrke drifta vår og fortsette med å utvikle oss og kunne tilby fleire og differensierte tenestar, til beste for dei jentene som bur hos oss, og skal bu hos oss i framtida.

 

Både vi og dei nye eigarane har eit sterkt brukarperspektiv, anerkjende metodar og gode kvalitetssystem.

For meir informasjon, sjå www.aberia.no

 

Om Jentespranget

Jentespranget A/S er ein privat barnevernsinstitusjon for jenter mellom 13 og 18 år. Vi tek og imot jenter mellom 18 og 23 år.

 

På Jentespranget har vi berre jenter, då vi meiner at dei får best utbytte av eit miljø utan gutar. Vi har spesialisert oss på jenterelaterte problem, og på å jobba med jentegruppa.

 

Jentespranget ligg på Stord, 3km frå sentrum. I tillegg har vi ein avdeling nær sentrum. Stord er eit regionssenter med om lag 17.000 innbyggjarar. Hos oss har vi plass til 5 jenter på huset; 4 av dei bur på enkeltrom med felles opphaldsstue, medan ein bur på treningshybel i underetasjen der det er eit fullt utstyrt mini- husvære. I avdelinga vår på Knutsatunet er det og plass til 5 jenter. I og med at vi har jenter i fase 2, vil det berre unntaksvis vere 5 jenter på husa. Vi har fått en ny avdeling med plass til 4 jenter; avdeling Strongalio.

 

Vi arbeider etter ein fase modell, og etter kvart som jenta er klar for det, vert ho flytta ut i fasar. Fyrst til fase 2 med tett oppfølging av eit ambulerande team, deretter til fase 3 kor jenta skal klare seg meir sjølv. I fase 2 er jenta ein del av belegget på den avdelinga ho kom frå, slik at ho har rom klart dersom ho ikkje klarer å bu åleine. Målet er at jentene skal bli sjølvstendige og ta vare på seg sjølv. I tillegg til dei som bur på huset og i fasane, kan vi lage spesialtiltak dersom det er behov for det.

 

På Jentespranget sitt hovedhus på Vatna , har vi ein stall med hestar og ein kårbustad. Kårbustaden står klar til å ta i mot føresette som ynskjer å besøke jentene. Der kan dei stelle seg sjølv og vera saman. På Knutsatunet har vi eit stort møte/aktivitetshus. Vi disponerer og 2 feriebustader med båt.

 

Pr. i dag er det 19 tilsette på Jentespranget og 7 tilkallingsvikarer. Vi jobbar i team i medlevarturnus.

 

Utskriftsvennlig versjon finn du her

 

 

 

 

 

 

Me er tilslutta Næringslivets hovedorganisasjon NHO Service.
Nettside fra arego